Går det som vegmyndet i Stord har fått innspel om frå rådgjevar innan idrett- og friluftsliv, kjem det om litt opp nytt skilt ved brua over elva på Vad. Der vil det stå: «Snuplass – parkering forbode. parkerte bilar vert taua bort for eigaren si rekning. Bruk parkeringsplassen 400 meter tilbake.»
Då er ein attende på den store opne plassen ved Vadvegen, der det fleire år har stått skilt med stor P. Det også år sidan Turlaget flytta løypeskilta til denne parkeringsplassen..
Av innspelet til vegmyndet går det fram at parkering ved brua/elva hindrar grunneigar i å koma inn på marka si, like eins som det vert problematisk for bossbil, dyretransport og utrykkingskøyrety å koma fram.