Over tid har det vore omfattande gravearbeid i VA-samanheng i veggrunnen over Høyland. Anleggsverksemda er no til endes og jobben vart avslutta med å leggja nytt fast dekke frå krysset mot Bjellandsvegen til krysset mot fylkesvegen på Tveita. Resultatet er blitt så godt at ein «fast brukar» av vegen vil senda skryt til utøvande mannskap. Og det hjelper stordront.no sølvsagt til med.