Ikkje bra i Tarzanløypo

Halvparten av vernemattene er rivne ned. (Foto: Tipsar)

– Kven driv med herjing i, og kven har ansvaret for vedlikehaldet av, «Tarzanløypo» ved Nordbygdo Ungdomsskule? Spørsmåla kjem frå lesar som har sendt  stordsront.no  bilete som viser tilstanden.

– Tre av seks raude vernematter er rivne ned, og ligg spreidd rundt om. Dekk manglar. Kjedeleg sidan  løypa er mykje brukt av skule og barnehagar på dagtid og av born og familiar på ettermiddagstid og i helgane.  

Nokon som tek ryddejobben?