I e-post vedlagt foto, ber ei aktiv turdame Stordront.no senda vidare denne klare oppmodinga:
«Eg er sjølv hundeeigar og blir noko fortvila. Nær sagt kor me går ligg skiteposar slengde. Til og med inne i hagane til folk! Det hjelper heller ikkje å legga att posen «for å hente den på returen», når dette ikkje blir gjort.
Ta med posen heim att, eller til næraste boskorg. Eller spark skiten inn i skogen. Betre det, enn å forsøpla med desse plastposane.»