I Leirvik si stordomstid som ferjehamn kunne det til tider bli «kamp» om å koma til i støet ved Hauglandsbuo på Sunnhordlandskaien. Biletet er festa til film i 1980, ei tid med ruter frå regionshovudstaden til Halsnøy/Sunde, Utbjoa og Valevåg. Fjelbergruta er med litt mindre sikre på.
«Jondal», «Fusa» og «Stord», alle med HSD-merket i skorsteinen, var flittige gjester i hamna, men ikkje så ofte samstundes. Motivet fortel også at dette var ei tid stordsamfunnet framleis tok imot det meste av varer via båt-transport. Kaiområdet utfor Tor Haugland Dampskipsekspedisjon er fullsett av diverse gods. Altså mykje å sjå på for dei som la turen nedom kaiane.