Kanskje eit vårteikn?

To huer og ein «hals» ventar på eigarane.

Ein rørande fin søndag den 16. april  2023 baud på vèrkvalitetar som mellom anna lokka folk til fjells.  Og dei som der fekk ekstra god varme i seg, la frå seg både «hals» og huer. Plagga vart liggjande att ved  parkeringsområdet på Øvra Heio,  rett under  skilta som gjev tips til rundtur i høgda. – Kanskje eit vårteikn, spør tipsaren, som tok biletet seint  søndag kveld.