I høgre biletkant står anleggsmaskinar som stadfesting på at det var i 1980 Borggata vart stengt for gjennomkøyring mellom Grand Hotell og Rådhuset. Biletet er teke medan det framleis var høve til køyra gjennom hovudgata i heile lengda.
Seinare på 80-talet vart det endå meir endring i gata. Det vart laga til liten park i Borggarden, medan Borggata frå Sparebankbygget til Ole Vik og «Checkpoint Charlie» vart permanent gågate.
Om lag der kvite striper markerer fotgjengarovergang i nedre del av biletet, går skiljet mellom Vikabrekko og Sævegen.