11. april vart sak nummer 180 hittil i år, stempla ferdigbehandla på delegasjonsfullmakt hjå eining for regulering, byggesak og oppmåling (RBO).
Saka galdt ferdigattest for støttemur adresse Hystadtre. Her er nokre andre søknader som fekk RBO-stempelet siste månaden:
– Mellombels bruksløyve for 4. og 5. etasje i Borggata 11 (tidl. Skohuset)
– Mellombels bruksløyve for tilbygg/utvidinga av Kunnskapshuset i Sæ
– Igangsettingsløyve, einebustad med sokkelhusvære, Vatnadalsvegen
– Løyve til nybygg, garasje, Dåfjordvegen
– Rammeløyve – nybygg einebustad, Hystadvegen
– Løyve til tiltak, bruksendring frå lager til kontor, Eldøyane
– Endringsløyve, turvegar og flytebrygge, Sæbø friområde
– Løyve/dispensasjon – nybygg einebustad, Holevegen
– Ferdigattest, nybygg 2 stk. 6-mannsbustader, Hatlandsåsen
– Løyve/dispensasjon – for gapahuk, Fjellgardane/Presthaugshavet