At Fitjar er ein viktig jordbruskommune kan ein i desse dagar lukta seg fram til. – No angar det av vår, vart det sagt når møka vart spreidd.
Det er det andre enn velstelt jordsmon som set pris på. Nett oppom Fitjar-sjø’dn var det i middagstida onsdag «eit hav» av måkar som sjekka om det var næringsstoff å nebba til seg etter gjødslinga. Sidan same måkeobservasjon var gjort etter same prosess på bøane på Huglo, kan ein byrja lura på om det er same flokken som er på vengene. Kan det vera slik at dei har ein utsending som reiser rundt i førkant, og sender varsel til gjengen om at i dag er det møking på gang i Fitjar?
Eit mektig og interessant skue er det i alle fall.