Ein teknisk feil, er grunnen til at somme huseigarar i Stord har fått to (likelydande) fakturaer på kommunale eigedomsgebyr med forfall 20. desember 2022.
På den kommunale heimesida, kan følgjande kunngjering lesast i desse dagar:
«Har du fått faktura på kommunale avgifter to gonger i nettbanken? Dersom du har fått to like fakturaer, kan du sletta den eine.
Fakturaen er berre registrert ein gong i systemet hos oss, men ved utsending har det skjedd ein teknisk feil. Me orsaka dette.»