Ber om meir sykkelveg lang E39

I fjor haust vart det montert mange meter  rekkverk langs E39, som her på Nordre Tveita.  Turlaget ønskjer sykkelveg på «innsida», mot vest.   (Foto: Steinar Hystad)

Stord kommune mottok fram til siste leveringsfrist ei rekkje innspel til  rulleringa av arealdelen i kommuneplanen. Det gjeld private ønskje og det gjeld tips om meir ålmenne  tiltak.  Eit  innspel i sistnemnde kategori kjem frå Stord-Fitjar Turlag og gjeld vegskuldera langs  E39 på strekket frå Trongaste/Ådlandsvatnet  til Førlandskrysset. – Der bør det  etablerast  sykkelveg på vestsida, meiner turlaget.

Vidare blir det vist til at E39 har avskore fleire turvegar frå Nodbygdo  mot skogsområde, Vad og Fjellgardane.  Dette minuset kan bøtast på med å laga til undergang ved Tyse.

Alle som har følgt oppmodinga  frå kommunen om å nytta høvet til å prøva påverka  planarbeidet, har fått svar om at meldingane er mottekne og ønskja noterte. Så blir det å venta i spenning til kva innspel som blir tekne med vidare. Det blir å sjå i  ferdig forslag til framtidig arealbruk i Stord, som vil vera klar om eitt års tid.