Stundom blir det så freistande å prøva seg på nye ord, at ein berre må trykkja ny bokstavblanding på tastaturet. Som når ein i tida for solnedgangen over Leirvik ruslar i ytre del av Onarheimsparken på Moloen og ser to vidt forskjellege stolar stå tett i tett. Ein kraftig i betong – den andre noko meir tander i samanlikning – i plast. Slikt møte blei det brått stolnedgang av, må vita.
Elles er Molotuppen ein framifrå stad å nyta utsynet over byen, kyrkja og fjella våre.