Med varme klede og godt humør vart påskestemningen sett med quiss og rykande varm pizza på Huglakaien onsdag kveld. Huglabutikken hadde ekstra langope i takt med ferjetilkomstane og vona tilbodet om sosial utandørssamling kring spørsmål og mat ville slå til. Det gjorde det til gagns – med tett på 100 deltakarar.
Kjersti Helland leia quiz’en, medan butikkpersonalet kledd i påskegult varta opp publikum.
Laget med base i Tveitevågen gjekk sigrande ut av kunnskapstevlinga.