Nokre damer å tur i finvèret fredag, fekk ei mindre god oppleving då dei kom til nordenden av Landåsvatnet. På bakken ved rasteplassborda der, hadde nokon tent bål og truleg gått frå staden i den tru at alle glør var sløkte. Det var dei ikkje. Eit lite vindrag var alt som skulle til for at elden fatna i tørr ved. Det var lauseld då damene kom til staden og med tiltakande vind og fare for spreiing fekk dei sløkt og velta varmt trevirke på vatnet.
– Korrekt og god inngripen, kommenterer varabrannsjef i Stord, Frode Lillerud til stordront.no. Vidare seier han:
– Den som tenner båt, har plikt til å sløkkja og dertil plikt til å undersøkja fare for oppblussing. Minner elles om at det i tidsrommet 15. april til 15. september er forbode å gjera opp lauseld i skog og utmark.