Tilbakeblikk til 30/03/2023: Kystbussane som forlet terminalen på Leirvik kai, må alle rekna med å bli våte på nedre del av alle dekk. Nett framom kystbuss-stoppen ligg nemleg den evige sølepytt. Etter nedbør, når det elles er tørr asfalt i kaiområdet, ligg vatnet framleis fleire centimeter høgt i pytten. Og pytten den ser ut til å ha sitt opphav i eit søkk i kaien, utan noko form for avrenning/nedrenning. Men det går det sikkert an å gjera eitkvart med.