Gledeleg nok er det meir gladnytt å føra inn i plussmargen etter at grøn etat har vore på jobb i området bak Stord Kulturhus. Nedkutting av tre, som no gjev god byutsikt for dei som kjem ned Vikabrekko, er tidlegare omtalt. Denne gong gjeld det nedre del av Vikabekken, og det dei mange som bruka gangvegen der kan sjå, etter at mengder av krattvekst er fjerna.
Grunnmuren etter sagbruket som hadde plassen sin der bekken renn inn i røyra under Kulturhuset, er blitt godt synleg. Som det viktige kulturminnet muren er, hadde det vore rørande kjekt om mosen vart fjerna slik at steinar og murar kjem endå klarare fram i dagen.
Omlag midtvegs på gangvegen langs bekken er det informasjonstavle som fortel om vassdriven verksemd langs Vikabekken i tidlegare tider. God lokalsoge.