Skiftande vèr og gløymd nistepakke..

Vart liggjande att i jakkalommo heima. (Foto: Steinar Hystad)

Det er lunsjtid, og  inn dørane på  Kaisvingen kafè kjem ein herremann som «berre må» har noko å eta. Han slår til med bakst av beste slaget og seier det skal bli godt å eta attåt kaffien på jobben. Så fortel han leande:

– Målet er å ha skjevenista med på  arbeid, men så har eg nokre gonger gått ifrå matpakken der han ligg på frukostbordet.  I dag morgon bestemte eg meg for at så ikkje skulle skje og gjekk ut i gangen la nista i jakkalommo FØR eg åt morgonmaten.  Så sa eg hada til  hu heima, kikka ut på veret og konstaterte at regnet var kome på besøk igjen. Natuleg reaksjon var å ta på ei jakke som toler væte – og dermed  vart  jakka med nista i lomma hengja att.  Derfor har eg kjøpt bolla i dag igjen.

Konklusjonen blir: At vèret spelar inn på mange område i kvardagen vår….