Stordront.no har tidlegare våga seg frampå med ei ytring («stusleg byvelkomst») om dei to grå pallane som tek imot Leirvik-trafikken i rundkøyringa på Vabakkjen. Som ei velmeint motvekt, går det frå den ultralokale nettstaden ut rosande ord til den kommunale grøne etat for jobben som er gjort i bakkant av Kulturhuset. I brattbakken ned frå Vikabrekko er det skore vekk ein bråte tre som var i ferd med å riva til seg utsikten over bykjernen. No er det vidsyn som gjeld – og det fører me gladleg inn i plussmargen.
PS: I nemnde brattbakken er det laga til med rasteplassbord kor ein kan nyta byen og følgja med på aktivitetane i Gropo – når det berre vårast litt meir.