Eit rimeleg tjukt lag glattpolert snøis dekka store deler av Borggata på føremiddagen torsdag. Dei som friskt trødde utpå, innsåg snart at dei måtte ferdast med største varsemd for å halda seg i oppreist balanse. Dette skjedde altså ei god veke etter det overraskande store snøfallet 8. mars.
Då stordront.no passerte eit par karar i samtale utfor Helseparken, vart det hinta mot snøisen og reist spørsmålet om varmekablane som blei lagt under brusteinane seint på 1980-talet.
– Kva med kablane, virkar dei ikkje lenger, vart det spurt?