Tysdag 14. mars vitja Harald Johan Sandvik Maritime Museum og fortalde historie om far sin – Johannes Sandvik. I boka « Motstandsmann og medmenneske» har Sandvik skildra hendingar faren opplevde som aktiv i heimefronten og som «mangesyslar» etter krigen.
Johannes Sandvik var aktiv motstandsmann og utførte mange illegale operasjonar, men vart til slutt teken av tyskarane. I boka er det teke med tekstar han notert ned. Mellon anna tida i Bergen Kretsfengsel, via Ulven leir og Espeland fangeleir til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, og ikkje minst turen tilbake til Noreg.
Etter krigen vart Johannes Sandvik godt kjent som ferjeekspeditør i Sandvikvåg, i tillegg var han motorbåtførar, entreprenør, småbrukar, kjøpmann, postopnar.
Johannes Sandvik var eit godt medmenneske, han var sterk i gudstrua. Vart av mange medfangar takka for sine gode og trøystande ord under fangenskapet.
Boka er ei påminning om at me aldri må ta fridomen og demokratiet som sjølvsagde verdiar i samfunnet vårt! Ein historie verd å lesa!
G.B.