– Søkkjehol?

Trong for påfyll igjen her. (Foto: Steinar Hystad)

For litt tid sidan, men på denne sida av nyårsskiftet, tipsa stordront.no styrande vegmynde om akutt trong for påfyll i eit djup hol i krysset Hystadvegen/Ådlandsvegen. At ambulansar til og frå sjukehuset må passera staden, var godt medverkande til nettavisa engasjerte seg og sende ut oppropet. Det  hjelpte, straks etter kom det etterlengta påfyll.  Men no byrja det bli trong for påfyll igjen. Kan det vera fenomenet søkkjehol (synkehull på austlandsk) som rår på staden?  Ein stad må jo asfalten forsvinna?