«- Etter to herlege rundar i gode spor gjennom Lysløypa søndag morgon, sender eg honnør av beste sort til løypekøyrarane i Stord ski.
Dei startar maskinen så snart det har kome litt snø slik at me trimarar berre har å smørja ski og leggja i veg. Dette gjeld så vel i lysløypa som på Heio. Løypekøyring og vedlikehald er ikkje gratis for ski-gruppa, og eg ser det berre som heilt hundre prosent «okei» at me vippsar ein høvande sum som takk for jobben som blir gjort. Sjå plakat ved løypene.»
Til den klare oppmodinga frå skitrimaren, kan leggjast til at då budsjettet for 2023 vart vedteke på årsmøtet nyleg, fann ein det nødvendig å auka posten drift og vedlikehald av løypemaskin og løyper frå 50.000 til 100.000 kroner.
Med varsel om stadig meir snø, kan det bli ein lang sesong i dei preparerte spora.