Leirvik Mannskor sin korkafè og basar i Festsalen på Grand var eitt av mange arrangement som vart råka og avlyst under pandemien. Så når koret no søndag inviterte til hyggjestunda etter 4 år utan, og det i nye lokale, var det med spenning songarane stilte seg i velkomsten til Frelsesarmeen sin festsal. Ville godtfolk møta? Det ville dei så absolutt – det vart fullt rundt alle bord. – Dette var gledeleg, sa korformann Johannes Jacobsen då han helsa velkomen: – Til konsert, matøkt, åresal og trekking, allsong og meir mannskorkonsert under leiing av dirigent Ailin Sanden Nymark. Ein god songbasar-tradisjon er med andre ord komen i gang igjen på Leirvik.
Formann Jacobsen nytta høve til å reklamera for gleda med stemmebruk i eit kor, og ønskte nye røyster vel møtt til lytting og øving med mannskoret måndagar (kl1900) i Ungdomshallen.