Med mars-snøfall på totalt 20 centi på flat mark, fordelt over tre-fire dagar, vart det mange økter for brøytemannskapa rundt oss. Ikkje før var dei ferdig med ein runde, så passa snøprodusenten på å sleppa ned nokre centi til – og endå nokre centi i tillegg. Søndag føremiddag var det godt rydda både på fortau og køyrande vegar – slik at det gjekk greitt å røra på seg utan større fare for fall og glidetaklingar.
På vegner at mange, seier stordront.no til brøytarane: – Takk skal de ha.