Rutetid/kviletid – skjer det noko i Nuen-sambandet?

Det hopar seg opp med bilar på Hodnanes når ferja må liggja over turar etter ruta. (Foto: Steinar Hystad)

Så seint som onsdag morgon denne veka, måtte Fjord 1 igjen melda utsett avgangstid  for første ferja frå Huglo via Hodnanes over Langenuen til Jektavik.  Grunnen er at ferja som har nattligge ved kai på Huglo, også ligg i beredskap  dersom det blir trong for nattleg sjuketransport. Etter ein slik ekstratur  skal mannskapet etter gjeldande reglar  ha kviletid på seks timar.  Etter ruteoppsettet skal første ferja gå frå Huglo kl 05.45 og frå Hodnanes 06.00 med ankomst Jektavik 06.10. Onsdag var første avgang 08.15 og noko tidlegare i vår var første avgang  klokka 10.55.

På aprilmøtet i Kontrollutvalet i Stord kommune, fremja Fredrik Litleskare (H) ønskje om informasjon kring regulariteten  i Nuensambandet.  Etter drøfting fatta utvalet samrøystes vedtak, om å setja sekretariatet i arbeid med å finna ut om Vestland fylkeskommune har arbeid på gang for å betra regulariteten i sambandet.  Kontrollutvalet ønskjer svar på bordet til møtet 21. mai.