Rusletur på Ås

Stord Sogelag starta tysdag 22. april rusletursesongen med ein rundtur på Ås og der omkring. Over 50 lokalinteresserte fekk ein rikhaldig dose med fakta, soger, hendingar, slekt og namn. Mange nikka gjenkjennande då omvisar og forteljar, Bjørn Arve Lunde, drog oss gjennom den lokale bygdesoga.

Eit dusin husmannsplassar høyrde til Ås, nokre større enn andre. Dei siste vart avvikla for mindre enn hundre år sidan. Åssletta vart omtalt, frå beiteland, via stemnestad til idrettplass, og no heilt utbygd med ulike bygningar. Trudvang, med si utbyggingssoge frå 60-talet, med ny veg og moderne hus, vart omtalt. Soga om Engelsen, som kom frå Tysnes og slo seg til der på 1800-talet, lever enno gjennom dei kraftige og godt synlege steingardane.

På rekke og rad auste Lunde frå si rikhaldige kunnskapskjelde.  Hus, folk, vegar, kjøp og sal, alt med opp og nedturar. Triste lagnader og flotte oppturar, i god blanding med fyndige sitat og fargerike karakteristikkar.   

Lunde drog, med stor entusiasme, heile hopen fram til hyggjeleg avslutning og oppsummering i Parken. Som vanleg hadde dei frammøtte sine eigne små, forvitnelege suppleringar. Alt i alt ein kulturrusletur på høgt, men lokalt nivå.

Ref.