Kva med fjellhall under Dyvikesåta?

Dyvikesåta har svært god steinkvalitet, høvande for t.d. fjellhall, tipsar grunneigaren. (Foto: Steinar Hystad)

Stord kommune har sett torsdag 24. april 2025 som frist for å koma med merknader til den nye kommunedelplanen og/eller oppheving av kommunedelplanar. Ei rekkje merknader er alt ført til protokolls og mellom desse kan lesast  både spennande og interessante innspel frå grunneigar i Dyvikområdet.

– I samband med vidare utvikling av eigedomen øskjer me å vurdera etablering av ein fjellhall i tilknyting til området. Dyvikesåta har svært god steinkvalitet som eignar seg godt til massar til byggeprosjekt og for fjellrom. Ein slik hall kan nyttast til trygg og innvendig massehandtering og lagring. På sikt vil anlegget kunna fungera som beredskapsrom eller bomberom ved krise eller krig. Stord kommune har i dag berre 1137 offentlege bomberomsplassar, i følgje eiga heimeside. Meininga er å utvikla eit anlegg som både tener sivil beredskap og lokal næring. Dette bør vektleggjast positivt, skriv innsendaren.