Velkomen til arrangement om Torborg Nedreaas

I 2017 blei Torborg Nedreaas-selskapet stifta. Dei gir mellom anna ut halvårlege nyhendebrev og har hatt arrangement mange stader i landet. I 2019 vitja dei Stord for første gong, no kjem dei attende for å fortelje om arbeidet sitt, Nedreaas’ liv og ikkje minst litteraturen hennar.

Torborg Nedreaas er eit kjent namn for mange stordabuarar. Ho skreiv sterke tekstar med sympatien hos dei svake i samfunnet. Ho tok barneperspektivet og gjorde til sitt i dei tre bøkene om Herdis (Trylleglasset, Musikk fra en blå brønn og Ved neste nymåne), skreiv sterke krigsnoveller mellom anna med handling frå Stord og romanen som no er i ferd med å få eit internasjonalt gjennombrot, Av måneskinn gror det ingenting, der mange vil kjenne igjen gruvemiljøet frå Litlabø.

Dato: Laurdag 26. april
Tid: 13:00-14:30
Stad: Hovudbiblioteket
Billettar: Gratis