
Ved 01-tida natt til laurdag bråvakna ei rekkje naboar til Sponavikvegen av eit ekstra kraftig smell. Då det lysna av dag, fortalde restar i vegbanen tydleg kvar smellen kom frå: – oppskyting av ein rakett.
Det er eit ulovleg gjeremål på denne årstid, berre nokre timar kring årsskiftet er det lova å senda fyrverkeri til vers.