Veldig tidleg ute?

(Foto: Steinar Hystad)

Det finst tre typar av treslaget; vanleg bjørk, hengebjørk og dvergbjørk. Ei bjørk lever vanlegvis mellom 60 og 80 år, og nomal vekstfart er 80 centimeter oppover i året. Vår gode hjelpesven, Wikipedia fann snøgt fram desse opplysningane, men hadde problem med å gje eit eksakt svar på kva tid det er normalt at bjørka slår ut i full lauvbunad? Stordront.no fann det leigitimt å spørsja om dette, sidan me passerte ei slank bjørk, med blad større enn museøyro allereie fredag 11. april klokka 11:00. Om ikkje rekord, vil me påstå at  den fotograferte bjørka er veldig tidleg ute  med eit stålsikkert vårteikn.