
Gang og sykkelvegen som for nokre år sidan vart bygt langt Litlabøvegen frå Nedre Litlabø mot Stuva, stoppar brått på eit jorde. Det skal det snart bli slutt på. Eining for arealforvalting i Stord har nett sendt over eit JA til tiltaket, som skal gje framhald av gang-og sykkelevegen frå endepunktet på Stuva til Lønningsdalen.. Det er teikna inn eit 650 meter langt anlegg på nordsida av Litlabøvegen. I Lønningsdalen skal det laga godt merka overgangsfelt, som koplar nye gangvegen til skogsvegane mot Landåsen og Studalen. Fylkeskommunen er byggherre, og løyvet er gjeve på, mellom anna, desse vilkår:
Det må utarbeidast ein plan for flytting av jordressursar som vert rørt ved etablering av den omsøkte gang- og sykkelvegen. Planen må godkjennast av landbruk, før arbeid med tiltak kan setjast i gang. Opplysningar i planen vil leggjast til grunn i vurdering av om tiltaket vil krevja godkjenning etter jordlova § 9. Dersom tiltaket krev godkjenning etter jordlova, må også slik godkjenning ligga føre innan arbeid med tiltak kan startast
• Det må gjerast tiltak som synleggjer omsøkt gangfelt over fylkesveg: Dette kan vera tiltak i form av opphøgd gangfelt, lyssetting eller anna som de ser høveleg. Opplysningar om kva tiltak ein vil gjennomføra må sendast til kommunen før arbeid med tiltak vert sett i gang
• Det må gjerast tiltak for å betra sikta til fotgjengarovergangen for bilistar som kjem i sørgåande retning på E39. Dette må skje i form av fjerning av vegetasjon og mindre terrengendring, som avtala på felles synfaring den 11.03.2025.