
Det knytte seg til på så mange område også i Stord kommune under første verdskrigen, går det fram ein artikkel Anstein Lohndal har på trykk i Sogelaget sitt årsskrift frå 2008. I vår eiga tid er det stadig tips å få om å ha beredskapslager i orden – slik også i krigsåra frå 1914 til 1918. Den tid hadde kommunane i landet pålegg om å ha eigne provianteringsråd, som mellom anna skulle syta for at det kom «billegbrød» på den lokale marknaden. Lohndal henta informasjon til artikkelen frå «Sunnhordland».
«På Stord drog det ut før billegbrødet kom i handelen. Avisa tok derfor kontakt med formannen i provianteringsrådet, og spurde kvifor brødet ikkje var å få kjøpt. Denne svara at det hadde vore vanskeleg å kalla saman rådet midt i slåttonna, og dessutan hadde det vore stogg i tilførsla av mjøl frå byane. Men det var gjort ein førebels avtale med bakarane på Vikjo.
Lokalbladet var lite nøgd med svaret og vende seg til eit par lokale bakarar. Dei kunne setja i gong straks, for mjøl hadde dei på lager, sa dei, men hevda at dei måtte venta til provianteringsrådet hadde halde møte og godkjend prisen (24 øre pr. brød). «Søndhordland» (var namnet på den tida) oppmoda derfor rådet til å halda møte straks.
No fekk provianteringsrådet farten opp, og ei veke seinare vart det kunngjort at frå den 8. august 1916 kom billegbrødet i handelen. Dersom folk heller ville baka sjølv, kunne dei få kjøpt fastsette kvotar av «billegmjøl» (20 øre per kilo) hjå følgjande bakeri og kjøpmenn:
Helge Johnsen, Mehammar. Peder Haukanes, Nordhuglo. J. Vattendal, Seminariet. Heiberg Andersen, Muren. Stord kooperative Selskap. O.K. Rydland, Sagvåg og Lillebø Grubers Landhandleri.
Billegbrødet vart godt motteke, og serleg landsbrødet var omtykt. Men naturlækjar Olvik hadde kritiske innvendingar mot det sammalte billegbrødet. Kvifor skal det vera så surt at det øydelegg magen på folk, spørs han i avisa.
Han oppmodar bakarane å bruka gjær istaden for surdeig, og like eins gjera brødet klart til steiking «før deigen har overgjært seg». Elles gjev Olvik råd om å eta brødet turt, utan smør eller pålegg, og utan å drikka attåt kvar bete. Gjer ein det, kjem kjem den gode smaken ved sammalt brød fram.»