Sette norsk rekord

På lang lang rekke – i breidda. Nokre av dei 42 som sette norsk rekord (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK: Her skrur me tida tilbake til ein grei sommardag, laurdag 9. august 1987. Ein dato som faktisk sette Stord og Vikafle på den norske vasski-kartet, og gav det lokale Vasski-laget eit oppslag i den norske versjonen av Guiness Rekordbok. Men det byrja faktisk året før, med Fredrik Litleskaret i førarsetet for ein gjeng som ivra for kunsten å stå på vass-ski på lang lang rekke – i breidda. Oppslutnaden vart bra, og gav meismak til å prøva på skikkeleg god rekord neste år, i 87.

53 personar kledde i våtdrakt spente på seg vass-ski utfor Oma Baatbyggeri denne laurdagen og var klare til rekordforsøket. Nils Agasøster starta motorane om bord i «Gullstril», gav gass framom Sponholmen mot Bømlafjorden. Nokre sleit med å koma «opp» på skia, men dei 42 som fann balansen i 22 knops fart sto stødig alle 1609 metrane (ei engelsk mil) som var kravet for innpass i rekordboka.