
Gjester som kjem syklande til herlege Stordøy via Bømlo og Stordbrua og «tek land» på Digernes, blir alt i den vesle Digernes-tunnelen leia inn på trygg gang- og sykkelveg mot Heiane vest. Men så må ein ta eit val på vegen mot til dømes Bergen. Skiltet i sykkelevegkrysset nedfor Shell-stasjonen fortel at det kan syklast både på vest- og austsida av øya vidare nord over. Akkurat frå skiltpunktet er det 71 kilometer til Bergen om ein vel ruta via Fitjar, medan det er 79 kilometer på austsida, via Leirvik og vidare over Rommetveit mot Sandvikvåg.
OK og grei informasjon, bevares, men det kunne gjerne vore lagt til eit (parentes – etter 79 talet, med tipset: Litt lenger ja, men med trygg sykkelveg det alle meste av turen).