
Statens vegvesen har sendt forslag til reguleringsplan til Samferdselsdepartementet. Forslaget til ny veg vil redusere reisetida med ein time.
Statens vegvesen har utarbeida forslag til statleg reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn, også kjent som Stord-Os eller Hordfast. Reguleringsplanforslaget er truleg Statens vegvesen sin mest omfattande reguleringsplan nokon gang, med over 7.000 sider.
Strekningen E39 Ådland-Svegatjørn er i gjeldande Nasjonal transportplan omtalt i utviklingsporteføljen, som det ikkje er rom for å realisere innanfor NTP-perioden 2025-2036. Samstundes vart Statens vegvesen bedt om å ferdigstilla reguleringsplanen for prosjektet. Dette vil gje det beste grunnlaget for å vurdere prosjektet ved en seinare rullering av porteføljen når handlingsrommet tillet det.
….