
Skulle du gå med tankar om å vera tilskurar til komande rakettoppskytingar i Nord Noreg? Då skal du halda auga med den pensjonerte redningsskøyta «Torungen». Om skipsnamnet verkar kjent for den eldre garde stordabuar, er det som det skal vera. «Torungen» blei overlevert frå Stord verft AS til Norsk Selskap til Skibbrudnes Redning 18. november 1960. 65 år seinare er båten, på veg til ny teneste: – Småcruising ved Andøya med utsikt til rakettar som fer til vers.
Dette kunne den nye eigaren fortelja Stordront måndag kveld, båt og mannskap la då til ved Sunnhordlandskaien. Dei hadde ein lang tur føre seg oppover kysten, med første lengre stopp for opp-oppussing av fartøyet i Trondheim.

Siste året har «Torungen lege» i opplag i Tananger. Skroget er det same som ved sjøsetting på Kjøtteinen, medan overbygget bak styrehuset, er blitt lengre og breiare. Det skjedde då båten vart privat yacht etter avslutta redningsteneste i både norsk ( frå 1960 til 1986) og svensk ( frå 1986 til 1997) farvatn.
I boka «Hvor ble båtene av?» (Båter/skip bygget på AS Stord Verft fra 1943 til1980) står følgjande: Torungen var i Redningsselskapets tjeneste til 1985. I denne perioden hadde den reddet 26 personer, berget 7 fartøyer fra total forlis og gitt assistanse til 455 fartøyer.