Velkomen til «open dag» hjå Redningsselskapet

Velkomne, helsar kvintetten som representerer dei tre avdelinga for Redningsselskapet på Stord.  (Foto: Steinar Hystad)

Redningsselskapet sine tre avdelingar på Stord – RS Frivillig land, RS Ung og RS sitt sjøredningskorps – er klare for sesongen og påsken, og inviterer til «open dag» tirsdag 8. april (1800 – 2000) på basen i Thiisafabrikken, Hamnegata.

Her blir det mykje informasjon å henta, det blir høve til å sjå seg rundt om bord i redningsskøyta, det blir konkurransar og det blir høve til å kikka nærare på Eliasbåten som blir «pakka ut » for sommaren.  

Vaflar og kaffi og ikkje minst, påskeggjakt, venta dei som tar turen.