«Nyebutikken» godt motteken

Ombygginga er godt motteken, fortel styreleiar Huglabutikken AS Per Egil Sæter. (Foto: Steinar Hystad)

– Berre godord å høyra frå nøgde kundar, og det set me naturlegvis pris på. For det har vore spennande dagar med både ombygging og omlegging, seier styreleiar i Huglabutikken AS Per Egil Sæter.

Etter hektiske dagar først i førre veka med installasjon av nytt inventar og digitalt utstyr, vart dørane til «nyebutikken» opna i god tid til helgehandel. Ikkje alt nytt kom til Huglo heilt som avtalt, men skal vera på plass og i funksjon til  påske. Då skal  kundar kunna ta seg inn i butikken med bankkortet som «nøkkel» både tidleg morgon og sein kveld. 

I «vanleg» opningstid vil det vera tilsette bak disken, som før.