
Lever hageavfallet ditt på ein trygg måte til SIM – Sunnhordland Interkommunale Miljøverk som har mottak for hageavfall. Då er du med på å beskytta naturen.
Me treng naturmangfaldet for å overleva. Ein intakt natur gir oss reint vatn, mat, pollinering, byggjematerial og beskytting mot klimaendringar. Naturen har stor verdi som opplevings- og rekreasjonskilde, økonomisk verdi og ein verdi i seg seg sjølv.
Spreiing av framande invaderande artar er ein av dei viktigaste årsakene til tap av naturmangfald. Mange av desse er hagerømlingar. Dei sprer seg ut i naturen og kan få negative konsekvensar for både ville planter, sopp, insekt, dyr og fuglar. For å unngå spreiing av hagerømlingar er det viktig at hageavfallet vert levert på mottak for hageavfall.
Hagerømlingar er eit problem fordi dei:
- Konkurrerer ut artar som er tilpassa til å leva i norsk natur
- Tar lys og plass
- Endrar jordsmonnet
Eksempel på hagerømlingar
Eksempel på planter som er forbodne å importera, omsetja og planta ut, fordi dei kan gjera stor skade på norsk natur er:
- Filtarve
- Framande mispel-artar
- Kanadagullris
- Kjempespringfrø
- Parkslirekne
- Rynkerose
- Prydstorklokke
- Hagelupin
- Kjempebjørnekjeks
Det er ikkje ulovleg å ha nokon av dei forbodne artane i hagen dersom dei vart planta før 2016, men det er ikkje lov til å spreia dei vidare ved å gi dei til naboen eller andre. Hageeigarar har i tillegg ansvar for å halda dei forbodne artane innafor hagegjerdet, ved å klippa
ned blomsterstandar før dei set frø, og laga fysiske barrierer for artar som spreier seg med utløparar. Bær og nyper må også fjernast, då dei vert etne av fuglar og spreidd over eit stort område.
Ikkje kast hageavfall i naturen. Kast hageavfall av framande artar i boss som skal til forbrenning, i varmkompost eller lever til mottak for hageavfall.