Ordføraren: – Har du ledige husvære, leig ut

Har du ledig husvære, leig det ut, oppmodar ordførar Sigbjørn Framnes. (Foto: Stord FrP)

– Finst det tiltak kommunen kan iverksetja for å frigjera fleire bustadar? (Til dømes informasjon/oppmoding, mellombelse godkjenningar eller liknande.) – Ønskjer kommunedirektøren og ordføraren å stø opp om ei frivillig oppmoding til dei som har ledige bustadar, kjellarleilegheiter, hyblar og liknande, om å gjera desse tilgjengelege på marknaden?

Desse spørsmåla, godt grunngjevne med tilvising til for tida vanskeleg bustadmarknad, stilte representanten Geir Angeltveit (V) i kommunestyret sist veke.

Ordføraren hadde svara klare:

–  Eg oppmodar alle som har ledig husvære om å leige desse ut!

–  Men me har ikkje noko verktøy for verken å krevje at folk skal leige ut husvera sine eller å gi anna incentiv for utleige. Eining for arealforvaltning – byggesaksavdelinga – har lova å prioritera eventuelle saker som kjem inn til handsaming, anten det gjeld nybygg av bustader eller godkjenning av sekundærhusvære. Det gjeld eigne reglar for mellombelse tiltak, så mellombels godkjenning kan også søkjast om. Det er viktig at også utleigehusværa er godkjent for å sikre at kvalitetar knytt til bumiljø, helse og tryggleik er tilstrekkeleg ivareteke.