
Jodå, det har kome seg. Eller rettare; det blir generelt kasta mindre søppel langs vegane, men nokre stader er det som på 70 og 80 talet (?), då kommunen annonserte rydderoder for eit dugnadsvilleg lagsliv. Utrulege mengder søppel vart pukka gjennom desse tiltaka. Og no kan det vera trong for ein felles ryddesjau og to igjen. Det trengst nokre storsekker for å få med alt papir og tomgods og anna rask, som ligg i grøfta ved gang- og sykkelvegen på Heiane vest.