
Deltidsstudiet går over to år og er aktuelt for handverkarar og bedrifter som arbeider på verna og freda fartøy.
(MERK: Denne saka har me henta frå Vestland fylkeskommune sine heimesider)
Vestland har ei rik maritim historie og er fylket i landet med flest freda og verneverdige fartøy. Det er ei viktig oppgåve for både fylkeskommunen og andre å ta vare på desse flytande kulturminna, som kjelder til kunnskap og oppleving.
Det er i dag krav om kunnskap om, og erfaring frå, restaurering når ein arbeider på verna og freda fartøy. Den nye utdanninga gjer det lettare å kvalifisere seg til slikt arbeid. Samstundes gir det tryggheit for forvaltninga å vite at handverkaren har den kunnskapen og forståinga som skal til for å sikra kulturminneverdiane på fartøya våre.
Læring gjennom praktisk arbeid
Det nye fagskulestudiet om fartøyvern legg vekt på læring gjennom praktisk arbeid og handverksteori, og i opplæringa inngår det å byggje eit nytt fartøy frå grunnen av. Utdanninga dekkjer fagområde innan verftsindustri og musealt arbeid, der historiske fartøy bli restaurerte, vedlikehaldne og forvalta som flytande kulturminne.
Deltidsstudiet gir 60 studiepoeng og er toårig. Det er eit nett- og samlingsbasert studium, og studiestaden er Nordnes i Bergen. Det blir samlingar ved Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, som også er læringsarena for fagskulestudiet i bygningsvern.
Kven kan søkje?
Studiet er relevant for både handverkarar og bedrifter, og ein kan søkje opptak med relevant fagbrev i ei rekkje ulike fag. Det kan til dømes vere trebåtbyggjarfaget, tømrarfaget eller ulike mekanikarfag. Det går også an å søkje opptak med realkompetanse.
Fagskulen Vestland er ein av dei største offentlege fagskulane i landet, med over 2000 studentar, innan ei rekke ulike fagområde.