Satsar vidare på Langeland og Leirvik skular

Leirvik skule. (Foto: Steinar Hystad)

«Framtidig skulestruktur området sentrum. Etablering av samanslått Leirvik – Langeland  skule, opp mot opprusting av eksisterande  skuleanlegg ved Leirvik og Langeland»

Torsdag vart denne viktige saka avgjort i kommunestyret med slikt  fleirtalsvedtak:

1. Kommunestyret ber kommunedirektøren gå vidare med eit forprosjekt der ein legg til grunn ei opprusting av eksisterande skuleanlegg ved Langeland skule i samsvar med forstudien. Kommunestyret legg til grunn at Langeland skule skal ha plass til inntil 420 elevar. Endeleg vedtak på byggestart føreset at Stord kommune leverer positive driftsresultat.

2. Kommunestyret ber om at forprosjektet legger opp til to opsjonar. Ein opsjon på oppgradering av administrasjon/kontor, arbeidsrom, og garderobar for tilsette. Den andre opsjonen skal omhandle baskethall i stedet for volleyballhall. Forprosjektet skal sørge for at anbodsprosessen tilretteleggjer for konstandseffektive løysingar og byggemetode.

3. Kommunestyret løyver 2 mill. kr til forprosjektet og ber kommunedirektøren leggja dette inn i revidert budsjett første tertial 2025.

4. Kommunestyret ber vidare kommunedirektøren å koma attende med revidert rettleiande forskrift for krinsgrenser mellom Leirvik og Langeland skular i samsvar med utgreiinga. Ei slik rettleiande forskrift er meint å vera gjeldande når ei opprusting av Langeland skule er ferdigstilt. Ved ei revidering av krinsgrenser skal ein redusera tal elevar på Leirvik skulen for å kunna ta vekk brakkene og frigjera meir uteareal.

5. Kommunestyret har ambisjon om å gå vidare med oppgradering av Leirvik skule når ein har bygd ny sjukeheim, ferdigstilt opprusting av Langeland skule og Stord kommune leverer positive driftsresultat.

6. Kommunestyret understrekar at ein vil styrkja, ikkje svekkje Vikahaugane sportssenter som sentralidrettsanlegg og møteplass. Tidlegare vedtak om å leggja til grunn Stord IL sin arealanalyse for vidare utvikling av Vikahaugane ligg fast. Det er uaktuelt å flytta Rackethallen frå Vikahaugane. Ny racket hall må sjåast i samanheng med opprusting av Leirvik skule. Kommunestyret ber også kommunedirektøren gjera ei samla vurdering av kapasitet i dei ulike hallane på Vikahaugane på dagtid og koma attende med ei sak som tar stilling til framtidig bruk og ev. oppgradering av rackethallen.

7. Kommunestyret legg til grunn at Saghaugen ikkje skal nyttast som lokasjon for barneskule, og ber administrasjonen avslutte sak opp mot fylkeskommunen.