Aktuelle  spørsmål om kommunal bedredskap

Ulvar Akselsen (Ap) på talarstolen i rådhuset. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

I kommunestyremøtet torsdag  fekk  representanten  Ulvar Akselsen (Ap) svar på aktuelle spørsmål kring  kommunale beredskap. Spørsmåla vart stilt til ordføraren:

Spørsmål: Me lever i ei tid der mange er meir urolege enn på lenge. Innbyggjarar etablerer private beredskapslager, og fleire har undersøkt kor næraste tilfluktsrom er. Når innbyggjarane våre kjenner på meir uro, er det viktig at også kommunen bidreg til å skape tryggleik. I totalberedskapsmeldinga til regjeringa kjem det fram at 75 % av alle kommunar i Noreg har beredskapsråd.

Har Stord eit beredskapsråd? 2)Har me noko samarbeid med nabokommunar når det kjem til beredskap? Om ikkje, ser ordføraren på dette som ei sak som burde løftast i Sunnhordlandsrådet? 3)Har tryggleik og beredskap fått større fokus i arbeidet til kommunen siste tida?

Her er svara:

  1.  Svar på spørsmål 1) Stord kommune har ikkje hatt eit fast etablert kommunalt beredskapsråd som møtes jamleg. Sist møte i kommunalt beredskapsråd var desember 2022 og det er planer om nytt møte i år. Nødetatane i Bømlo, Fitjar og Stord har samstundes eit samarbeid som vert kalla beredskapsforum og som møtes jamnleg, det vil sei fire gonger kvart år. Beredskapsforum inviterer og andre inn i sine møter ut frå tema som vert tatt opp.
  2. Svar på spørsmål 2) Stord kommune har via beredskapsforum tatt opp med Bømlo og Fitjar om eit mogleg samarbeid om regionalt beredskapsråd, dette har me fått positive tilbakemeldingar på. I september er det møte i regionalt politiråd og spørsmål om regionalt beredskapsråd vert vidare tatt opp der.
  3. Svar på spørsmål 3) Ja, tryggleik og beredskap har fått større fokus i arbeidet til kommunen dei siste åra. Me opplever og auka forventingar og stor auke i aktivitet mellom anna frå Statsforvaltaren. Kommunen har eit lovfesta ansvar for å ivareta befolkninga sin tryggleik, jf. lov om kommunal beredskapsplikt og me skal arbeida systematisk med risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) og ha oppdaterte beredskapsplanar. I 2022 utarbeidde Stord kommune saman med Fitjar kommune ein overordna ROS analyse, denne ROS-analyse er blitt bearbeida vidare. Kommunedirektøren vil og før sommaren leggja fram ei sak for kommunestyret om overordna administrativ beredskapsplan. Totalberedskapsmeldinga, Meld. St. 9 (2024–2025) «Forberedt på kriser og krig», vart lagt fram av regjeringa i januar 2025. Meldinga set retninga for ei omlegging av den sivile delen av totalforsvaret og styrking av den sivile motstandskrafta. Meldinga understrekar at kommunane spelar ei nøkkelrolle i totalberedskapen. Det vert peika på at mangel på økonomiske ressursar, kapasitet og kompetanse ikkje må hindra arbeidet med å løfta totalberedskapen.