Stabilt låg arbeidsløyse i Sunnhordland

I mars registrerte Nav 1 prosent heilt arbeidsledige i Sunnhordland, noko som tilsvarar 322 personar. Det er ein nedgang på 33 personar samanlikna med førre månad. I mars 2024 var talet på heilt arbeidsledige 452, noko betyr at det har vore ein nedgang på 130 personar i mars i år samanlikna med fjoråret.

På landsbasis ser ein at talet på heilt ledige har gått ned frå 2,2 prosent i førre månad til 2,1 prosent denne månaden. For Vestland fylke ligg ein på 1,8 prosent heilt ledige denne månaden, noko som er ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå førre månad.

– Det er naturlegvis svært gledeleg å sjå at arbeidsløysa i Sunnhordland held seg såpass låg. Samstundes skapar det utfordringar for arbeidsgivarar å skulle få tak i den arbeidskrafta dei har behov for. Her har Nav ei viktig rolle i samarbeid med arbeidsgivarane i regionen vår, slik at me kan få på plass gode løysingar rundt rekruttering og kvalifisering for den enkelte arbeidsgivar og arbeidssøkar, seier leiar i Nav region Sunnhordland, Håvard Lægreid.  

I mars månad blei det registrert totalt 438 nye, utlyste stillingar. Det er ein nedgang på 46 stillingar samanlikna med førre månad. Det er likevel ein auke på 117 stillingar samanlikna med mars 2024.

Dei fleste stillingsutlysingane i mars månad var innan helse, pleie og omsorg (143), etterfølgt av ingeniør og IKT-fag (70) og butikk og salsarbeid (50).

Færre AAP-mottakarar i Sunnhordland
Ved utgangen av 2024 mottok 158 539 personar arbeidsavklaringspengar (AAP) her til lands. Det var 9500 fleire enn eitt år tidlegare, noko som tilsvara ein auke på 6,3%. Totalt sett ved årsskiftet mottok 4,5% av befolkninga i alderen 18 – 66 år arbeidsavklaringspengar. Det er ein auke på 0,3 prosentpoeng i løpet av 2024.

I Sunnhordland har ein derimot ikkje sett same auken i talet på AAP-mottakarar det siste året, der talet har ligge stabilt på om lag 4,2 prosent det siste året. AAP er ei helserelatert yting ein kan motta om ein har brukt opp sjukepengerettane sine og har ein uavklart helsesituasjon.

– Det er positivt å sjå at me ikkje ser den same trenden rundt talet på AAP-mottakarar her i Sunnhordland som i landet elles. Me jobbar for å få flest mogleg AAP-mottakarar tilbake i arbeid. For å lukkast med dette er me avhengige eit tett samarbeid og dialog med arbeidsgivarane i regionen vår, der me klarar å få til gode tilretteleggingar ute på arbeidsplassane, slik at me kan behalde flest mogleg i arbeid, seier Håvard Lægreid.

Blant kommunane i Sunnhordland er det Etne og Tysnes (begge 4,9%) som har det høgaste talet på AAP-mottakarar. Deretter kjem Kvinnherad (4,5%), Sveio (3,9%) og Bømlo (3,7%). Lågast i regionen ligg Fitjar og Stord, begge med 3,6%.