
Tilrådinga frå «dei som har noko med det» er at med skal skru urverket og tida ein time fram – mot sommaren – klokka 02 til 03 natt til søndag. Det kan ein sjøølvsagt like lurt gjera når ein legg seg, så slepp ein stå opp midt på natta…
Sanninga er vel den i våre dagar , med stort sett digitale klokker, at den fysiske timeflyttinga byrjar bli eit avslutta kapittel. Klokkene ordnar seg sjølve. Det me har mista oppi det heildigitale er å ordbruk kring nøyaktig klokkeslett. Før visste med alle kva tida var når me kikka på uret og sa ti over fem eller kvart over fire. I den digitale tidsalder heiter det sytten-ti og seksten-femten.
Årets sommartid varer fram til natt til søndag 26. oktober. Då skal tida ein time i revers – altså mot sommaren, igjen.