
Onsdag 2. april klokka 19:30 vert det valdebatt om natur og klima på Stord folkebibliotek.
Stortingspolitikarane Liv Kari Eskeland (H) og Linda Monsen Merkesdal (Ap) og 2. kandidat Alexander Papas (SV) og fylkesleiar i FpU og stortingskandidat Fredrik Mettälä (Frp) m.fl. sit i debattpanelet og tema er naturmangfald, berekraft, framtida og politikken som formar samfunnet vårt.
Bli med og få innsikt i korleis politikarane jobbar med berekraft og framtidsløysingar – og still gjerne spørsmål!
Debatten er eit samarbeid mellom Vg2 Medium og kommunikasjon/Musikk, dans og drama ved Stord vidaregåande skule, Folkeakademiet Stord, Folkeakademiet Hordaland og Berekraftvekene på Stord.
Velkomen til ein spanande politisk debatt!