– Litlestølen må inn att i planforslaget

Påtroppande leiar i Huglo Bygdelag, Øystein Huglen,  ivrar for at Litlestølen, mot fjellet bak dei kvite husa, må inn att i kommuneplanen sin arealdel. (Foto: Steinar Hystad)

I samband med ei større jordskiftesak på Nordhuglo for ein del år sidan, vart grunneigarane samde om å avsetja eit større areal på Litlestølen til framtidig bustadområde. Det kunne bli 16-18 tomter, godt målet i storleik. I nyaste forslaget til kommunedelplanen sin arealdel som for tida er til høyring, er Litlestølen teken ut. Eit uttrekk, til stor undring for grunneigarar og bygdalag, kom det fram på eit informasjonsmøte på Huglo tidlegare i veka. Der vart det forklart at bakgrunn for fjerning av Litlestølen var bygt på statistiske tal som viste at det var nok tomter om på øya elles, for mange år framover. Det hadde huglarar vondt for å tru, og lurte på kvar tomtene er. Samstundes var det ingen lokal tvil om at Litlestølen må inn att dokumentet.

Det vart frå kommunen m.a. vist til Skarvene 1 og 2 – der det skulle vore til saman 8,5 tomter, dersom forvaltinga hadde følgt opp eigne planar om regulering  og godkjenning av nytt tomteland. Noko som ikkje er blitt gjort.

Men det kom også fram godt nytt på bustadfronten, til støtte for huglarane sine ønskje om auka tilflytting og fleire fritidsbustader. I planen blir det rådd til utbygging etter regelverk i nyskapninga LNF-spredd, med opning for at det kan bli enklare å få ja til bustad/fritidsbustad utan å måtta laga eigne reguleringsplanar. 

Vidare blei det slått fast at det er god interesse for  fritidsbustader (som etter nye reglar kan søkjast om å bli fast bustad) på Huglo. Sidan øya fekk ny reguleringsplan i 2010 er det bygt 35 fritidsbustader. «Beliggenhet, beliggenhet, og beliggenhet» seiest å vera dei tre viktigaste kriteriar for plassering av hus og hytter. I så måte er kommunestyret sitt vedtak om at det i arealplanarbeidet vidare «skal leggjast til rette for sjønære nærings-, bustad- og hytteområde på Huglo», verd å notera seg.

Kommmunen ønskjer innspel til planen og har sett svarfristen til 24. april 2025.