
«Sesongen for plukking av ramsløk varer frå mars til juni. Før bløming et du blada, når blomane kjem et du dei, og når blomane visnar kan du eta eller sylta frøa. Går du inn på artsdatabanken sine sider og søker etter ramsløk, kan du zooma deg inn til nabolaget ditt om du vil»
Dette er kva Wikipedia svarar på spørsmålet om kva tid kan ein plukka ramsløk, som det finst ein heil del konsentrasjonar av på Stord. Veksten er gjerne omtalt som Noreg sitt svar på kvitløk, sidan han luktar stekt og gjev god smak. Då Stordront.no traff Kristi Rommetveit på ramsløktur nyleg, henta ho seg nokre blad som skulle piffa opp sausen til kotelettmiddagen.
– Blir aldeles kjempegodt, sa ho.