
Det var i periodar på 80-talet Leirvik sentrum vart pynta med linde-tre. Langs Kaien, (som er ei fylkeskommunale vegstripe), og langs Torgbakken og i Borggata. Trea har i løpet av tida som har passert slått god rot, trivest og veks. Ikkje berre oppover og i greinverket, også «livvidda» har auka og etterkvart var det slitt så trongt i den vernande jarnskoen rundt stamma at mannskap frå dei komunale tekniske tenester måtte henta fram kraftig verky for å fjerna stål og by trea luftigare veksttilhøve.
Jodå, det er framleis liv i utsegna om at «da kjeme seg på Vikjo».
